10. mai 2005 av Dag Endal
Fjell kommune og FjellVar har mange aktivitetar i gong som bidrag til Hald Noreg reint-kampanjen. Ordførar Jan Utkilen opna årets lokale ryddeaksjon den 24. april med ein dugnad i Kårtveitpollen. Den gongen var det medlemer frå Naturvernforbundet og elevar frå Ågotnes skule som gjorde ryddejobben, saman med Blekkulf (biletet i ingressen).
Sidan har grendalag, skular og barnhagar i kommunen hatt rydding i sine nærområde. - Men sjølv om det allereie pågår eit omfattande ryddearbeid i kommunen, er det framleis mykje søppel att, skriv ordførar Utkilen til kommunestyret. Han utfordrar representantane til å gje eit bidrag til denne ryddeaksjonen: - Alle medlemene i kommunestyret vert difor oppmoda om å delta i rydding av det offentlege rom langs Foldnesvegen - frå rådhuset og til Foldnes kyrkje torsdag 12. mai.
Kom i arbeidstøy, heiter det, og så vil ein få utdelt hanskar og sekker. FjellVar vil bidra med å køyre vekk søppelet, og dei som deltek kan sjå fram til både bollar, brus og kaffi frå ordførararen!